Heimelaga middag

Når du lagar middag sjølv bør du lage mykje om gongen, eg pleier lage rundt 60 porsjonar om gongen og fryse ned, rett og slett fordi det er så kjedeleg. Då dampar eg brokkoli i ei gryte, ei anna med gulrøter, kålrabi, blomkål, poteter, laks, ørret og så steiker eg karbonadedeig. Deretter lagar eg kvit saus med minimalt med salt og ein tomatsaus med litt krydder. Den kvite sausen mosar eg saman med dei to fisketypane, tomatsausen saman med kjøtet. Så har eg all mosen av kvar type kvar for seg i ein kakepyntepose og har i isterningar. Dermed får eg rundt 60 isterningar med gulrøter, brokkoli, fisk, kjøt osv. Dette gjer at eg kan lage ulike middagsamansetningar nesten kvar dag. Nokre dagar får han kjøt med tomatsaus, pasta, brokkoli og gulrøter, andre dagar kjøt med poteter, kålrabi, blomkål og gulrøter, atter andre fisk med kvit saus, poteter, gulrøter og kålrabi. Veldig grei måte å introdusere ulike grønsaker og kombinasjonar. Og så er det lett å lage større porsjonar ettersom barnet veks. I starten hadde vi 4 isterningar i kvar porsjon, no er vi vel oppe i 7 trur eg (snart 11 mnd). Ikea sine isterningbrett med blomster er heilt suverene til formålet. Du får 16 bitar på kvart brett, og formen er lett å få terningane ut av.

19.02.2013
Atte
Atte

Ingen svar ennå.

Det har oppstått en feil, prøv på nytt senere.
Laster inn ...