Ved å fortsette å bruke denne hjemmesiden godkjenner du bruken av cookies. Du kan lese mer om det her. 

 

Sil råd og tips

Litt motstridande at eg skriv her då kanskje? Men; Når ein er gravid kjem svært mange med gode og velmeinande råd om så mangt.  Alt frå kva ein skal/ikkje skal ete, kva ein skal/ikkje skal gjere, til forteljingar om sin eigen fødsel. Mitt råd er å prøve å sile ut råd og tips ein får. Sjølv bestemte eg meg for å innstille meg på at: - eg kunne gå over termin, - at fødselen kunne være smertefull, - at det kunne ta lang tid, - at eg kunne verte vanskelig å ha med å gjere (meg og min sambuar frykta vel dette;)) Dette høyrest svært negativt ut, men for meg var det ei hjelp å innstille meg på dette, på den måten ville eg heller kunne oppleve å bli positivt overraska. Eg var på ingen måte negativ til fødselen, svært positiv heller, men førebudd på at det nok ikkje vart ein dans på roser. Eg trur at, i alle fall delvis, takket vere dette fekk vi ein fantastisk opplevelse, sjølv om eg gjekk over tida og måtte settast i gang. Folk hadde også ein tendens til å fortelje om sine skrekkopplevelsar, uoppfordra. Desse prøvde eg å legge langt vekk. Eg ville oppleve ting på min måte, ikkje med utgangspunkt i andre sine. Mot slutten, mellom 7-13 dagar over tida, begynte folk for virkelig å snakke om kor synd det var i meg, stakkars, håpar det skjer snart... Når svært mange seier sånn, begynner det til slutt å synke inn litt. Så eg sa på ein fin måte at eg og barnet har det heilt bra, og at eg helst ikkje ville ha den typen sympati =)  Ellers vil eg seie at det er ingen skam i å stille spørsmål til andre eller til jordmor eller lege. Er du urolig eller bekymra, be om hjelp. Stress er ikkje bra for deg eller barnet.  Til sist; nyt svangerskapet, det kan vere ei herlig tid! Kos deg så godt du kan!

15.02.2012
linnci
linnci

Ingen svar ennå.

Det har oppstått en feil, prøv på nytt senere.
Laster inn ...